• Odelsarven

Fedraminne


At far min kunde gjera det gilde, han hev gjort, og fram i livet bera so mykje gjævt og stort, det var fraa dag til annen for meg so god ei stød: stor arv det er for mannen av godtfolk vera fødd. Slik kar var aldri funnen, so langt som soga veit. Og ordet flaug fraa munnen so godt, som sverdet beit. Du høyrd'n aldri mala i klynk um sine kaar. Den guten kunde tala med skjemt um sine saar. Han fransmann lærde fikta og finna ridder-verd, og engelsmannen dikta og hava sjøen kjær. Og fremst han stod i lina, og rett han stelte den: Fraa Skottland til Messina han skapte styresmenn. Min store fader døydde, - sjaa det me alle maa - og arven burt dei øydde; men sumt eg att' kan faa. Her gjeng eg stundom sliten og leitar etter ord. Skal tru eg er so liten, for det han var so stor? Men graset gror paa bøen, og korn paa gamall vis. Og enno gamle sjøen er like fri for is. Vaar' fjell er like haage og lufti like blaa, so enno like fjaage me fram kan stemna paa.

- Av Aasmund Olvasson Vinje, 1868

Bilde er av steinbautaen av Vinje på Eidsbugarden

If you want to recieve updates directly on email independently  from hostile social media, please consider subscribing below.

® © 2020 Odelsarven, All Rights Reserved

If you want to use something, simply ask!