• Odelsarven

No ser eg atter slike fjell og dalar


No ser eg atter slike fjell og dalar som dei eg i min fyrste ungdom såg. Og same vind den heite panna svalar: Og gullet ligg på snø som før det låg. Det er eit barnemål som til meg talar og gjer meg tankefull, men endå fjåg. Med ungdomsminne er den tala blanda. Det strøymer på meg så eg knapt kan anda. Ja livet strøymer på meg, som det strøymde når under snø eg såg det grøne strå. Eg drøymer no, som før eg alltid drøymde når slike fjell eg såg i lufti blå. Eg gløymer dagsens strid, som før eg gløymde når eg mot kveld av sol eit glimt fekk sjå. Eg finner vel eit hus som vil meg hysa når soli heim til natti vil meg lysa. Alt er som før. Men det er meir forklåra, så dagsens ljos meg synest meire bjart, og det som beit og skar meg, så det såra, det gjerer sjølve skuggen mindre svart. Sjølv det som til å synda tidt meg dåra, sjølv det gjer harde fjellet mindre hardt. Forsona koma atter gamle tankar: Det same hjarta er som eldre bankar. Og kvar ein stein eg som ein kjenning finner: for slik var den eg flaug ikring som gut. Som var det kjempor, spør eg kven som vinner av den og denne andre høge nut. Alt minner meg. Det minner, og det minner til soli bort i snøen sloknar ut. Og inn i siste svevn meg eingong huggar dei gamle minne og dei gamle skuggar.

- Aasmund Olavsson Vinje, 1861

Foto: Falketind og Urdanostind, navngitte av Vinje

Fremført av Kirsten Flagstad

If you want to recieve updates directly on email independently  from hostile social media, please consider subscribing below.

® © 2020 Odelsarven, All Rights Reserved

If you want to use something, simply ask!