Eg elskar det landet....

 

Ein heilnorsk skald kved:

 

Eg elskar det landet som aldri meg gav

dei dagvisse maal fyr mitt slit og mitt kav. 

 

Eg strir fyr det folket som aldri hev raad

aa vyrda mitt dikt elder løna mi daad.

 

Det tek ifraa sonen maten i munn

og slengjer han ut til ein framand hund.

 

Det treng um mitt arbeid, og fær det vel med,

men suti fyr føda gjev aldri fred.

 

Den suti vil fylgja fraa morgon til kveld, 

og songen fær koma naar so det fell.

 

Eg ser mine vegar, eg veit mitt verk,

og viljen er heilrend, og hugen sterk.

 

Men armodi tærer som soppen i tre.

So mykje lyt visna og rotna ned.

 

Skal soleis det vara, eg vert som ein skog

som turken hev herja og barsøyren slog.

 

Og slik skal det vera til skalden er draug,

og liksam og saal er ein oskehaug.

 

For folket det trælar aat halvframandt herk

og ansar so lite eit heilnorsk verk.

 

Det tek det 'kje tungt um skalden lid naud,

og helst lyt ein tru at det saag han daud.

 

Han græt ingi taaaror, den norske mann,

um skalden lyt døy fyr si eigi hand.

 

Han mæter ein son av sitt eige blod

som mauren dei trakkar under sin sko.

 

Men landet skal hava min draum og mitt dikt,

min heimkjære song og mitt arbeid rikt.

 

For landet er fagert, og maalet er fridt,

og folket i landet det kallar eg mitt.

 

Og folket i Noreg hev livsens rett,

og alt som hev liv vil varna si ætt.

 

Lat mannen døy! Hans æva er all.

Men folket i Noreg det liva skal.

 

 

Idar Handagard, Norsk leid 1905

Please reload

Please reload

Bitchute.jpg