Joli i gamal Valdreskultur

Noen av de beste kildene på våre hedenske riter, kultur og livsanskuelse, finner vi i vår egen bygdekultur. Den er som et øye i fortiden, og levner oss svært mange spor og kunnskap i vår rekonstruksjon av hva vi engang var. Hva vi opprinnelig er her i Norden. Den gir oss etterlevningene av førkristen praksis.  

 

Hva er ikke bedre enn å søke denne kunnskapen i egen ætt. I egen bygd, der enkelte av disse tradisjonene lever enda. Det er vår plikt å ta vare på disse, bevare dem for våre etterkommere, og ikke minst for våre egne røtter og historie. 

 

 Juleskikk, av Adolf Tidemand

 

 

Denne gangen tar vi for oss julen, og hvordan den ble holdt øverst i Valdres i Oppland fylke, for inntil få tiår siden. Utdragene er nedtegnet av Knut Hermundstad i boken Ættaarv, Gamal Valdres-kultur, utgitt av Norsk Folkeminnelag i 1950.

 

Historiene er gjenfortalt av seks søsken fra Øvre Dale, den øverste grenden i Vang. De er gjenfortalt i den målførsel som der blir brukt - Øyværingsmålet.

 

 Ingebjørg Andersdotter Hermundstad (Store-Ingebjørg) (1860-1939). 

 

 

Dei gjekk åt ei kjelde jole-eftan

 

Det var og ein annan måte å faste på. I staden for å gå åt ei tørrstøge tok dei joleljoset ved midnattsbel jole-eftan og gjekk åt ei kjelde. Dette laut dei gjera so løynt at ingen merka det. So såg dei ned i kjelda over eine oksli si. Når det lei um litt, skulde dei få sjå biletet tå den dei skulde få til ektemake og ungane dei skulde få.

 

Dei gamle her i Øye tala um at gamle Hølis´n fasta på denne måten. Då fekk han sjå ho Synøve Håkonsdotter Øvre Kvame, som han seinare fekk til kjerring og alle ungane sine.

 

Når dei sette seg ned og skulde faste, sa dei:

 

"Eg sette me ne

i tre menns navn

på den måtin

han ska vise me

mi tekomande kone fram!"

 

Eg høyrde aldri at gjentone fasta. Det vilde til ein som ikkje var kløkkjen.

 

Å eta og sova på salt kake var ei god, gamal råd. Då drøymde ein sant, meinte dei. Skulde ein få gjort dette heilt rett, laut det vera tre stykke som vart semde um å freiste dette. So skulde dei saman laga ei kake tå tre skeier vatn, tre skeier mjøl og tre skeier salt. Dette baka dei i tre kakor, som dei skulde steikje på glo-i. Ut etter natti skulde ein eta kakone i tre bet. Det fyrste betet skulde ein ta med det same ein la seg. Resten skulde ein leggje under høvdelaget sitt. Når dei vakna ut på natti, skulde dei ta andrebetet og leggje resten under høvdelaget att. Siste betet skulde ein ta nesten gongen ein vakna. Etter dei hadde løsa på sokkebandi sine um kvelden når dei kledde av seg, skulde ein ikkje tala. Gjorde ein dette rett, skulde ein um natti drøyme sant. Helst drøymde du um ein som kom og gav deg drikke, for du vart so agalaust tyst tå den salte kaka. Den som kom med drikken, skulde då bli ektemaken.   

 

Bryggjing

 

I gamal tid bryggja dei maltøl på kvar einaste gard og i kvart einaste hus tre gonger um året; til jol, til påske og til slåttonn. Men ølet var sjeldan sterkare enn ein kunde drikke seg utyrst av det utan å øra. 

 

 

Ved ølbrygging

 

Solkvervdagen skulde ein ikkje bryggje, baka eller gjera noko som gjekk rundt. Når dei gamle hadde melta på, la dei ein stålkniv på bryggjeholken.

 

 

Svinemilta

 

Henne spådde dei vintervervet etter. Var svinemilta grann åt eine enden og brei åt hin, vart det lite snø fyrstundes på vinteren. Var ho jamnbrei, vart det snøfall av og til ut etter heile vinteren. 

 

 

Dei gav soli smør

 

I dei fleste heimane i Øye er soli burte nokre vekor midt på vinteren. Den dagen soli synte seg for fyrste gong inne i stoga, var det glede. Dei gamle klinte då noko smør på solflekken. Est no var soli som varm at ho brædde det smøret som var klint på veggen åt henne, skulde det bli varmt og skin i soli um sumaren og. 

 

 Anders Andersson Strand (1863-1944)

 

 

Joli

 

Dagen føre jole-eftan kalla dei vesle-joleftan. Han var og kalla imbereftan. 

 

Det var grust å ha mykje mat på bordet jole-eftan. Dei gamle sette radt eit bidne med eit par pund smør i på bordet den kvelden. Smørbidnet skulde ikkje vera berre fullt. Det laut helst vera ein rund haug uppå det, råkin, dei kalla.  

 

Ofte sette dei ein ramost på jole-bordet etter dei hadde kvelda, jolekvelden. Det skulde vera mykje mat åt dei underjordiske um dei kom um natti. 

 

Ein merkeleg jole-skikk hadde dei uppi Øye. Det var vanleg at umegdi gjekk i kring på gardane etter folk hadde kvelda - etter klukka tolv - og såg på glasi til einannan korleis jolebordet og jolepynten var. Då var det gjævt ha mykje mat på bordet. Ho mor tala um at dei kappast um å ha høgste smørhaugen på smørbidnet jolekvelden. 

 

Annandag-jol reid gutane anndagsgut, som dei kalla det. Då reid gutane rundt på gardane og moka fjøsi åt gjentone. Ein gong hadde ein einstøing, han Endre på Skjervun, fått tak i ein hest og reid anndagsgut. Det totte han nok var grusse greior.

 

Når sykna tok etter jol, fekk gjentone røkkemenna. Men då laut gjenta ha spunne noko etter jol. Og mennene som kom inn og skulde bli rokkemenner, laut ha gått over tre rennande vatn og ikkje smakt på jole-ølet. 

 

Den fyrste mannen som soleis kom inn til ei gjente, skulde finne rokkeemne åt gjenta. Han var fyrste rokkemannen. Den andre karen som kom inn, som fylte kravi, skulde laga rokken. Han var andre rokkemannen. Den tredje som kom inn, skulde ho liggje med, sa dei. Han skulde ho ha. Det var mykje moro med rokkemennene ein fekk!

 

Med karane var det noko på same måten. Dei tre fyrste kvinnfolk som kom til gards, etter at ein hadde treskt noko etter jol, vart kalla låvekjeringa. Skuld ein bli ei retteleg låvekjerring, laut ein og ha gått over tre rennande vatn og ikkje smakt på joleølet. Den tredje låvekjerringi skulde vera kjærasten.

 

Tjuend-eftan eller 12. januar skulde dei gje varmen øl eller brennevin. Dei skvetta det på varmen og mulla noko attåt.

 

Dagane mellom jol og nyår var romjole. Etter klukka fire hadde tenarene alltid fri. Det var sjølvkjerringi som då gjorde det som gjerast laut. 

 

Joli vara i tjue dagar, til tjuenddagen eller 13. januar. 

 

Den største og gjævaste høgtidi i året var utan samanlikning joli. Ho vart førebudd lenge føreåt. Fekk ein tak i noko gildt, sa dei:

 

"Du får gjøyme de te jol!" eller: "Me ljøte ha de te jol!"

 

Til nærmare høgtidi ein kom, til annsamare vart det på gardane. Difor sa tenestegjentone:

 

"De e kji nokor ti de e so ilt vera te so tre veko fere jol!"

 

Då skulde tenestegjentone støype ljos, bryggje øl, brenne brennevin, baka mange slag kakor og vaske høgt og lågt. Bakingi var det stor høgtid med. I gamle dagar baka dei berre runde rugkakor. Desse steikte de mellom to takkor. Mellom takkone hadde dei tre steinar. På slutten nytta dei ein platering. Dei brende uppå øvste takka, og hadde glør under nedste. Ei av kakone dei baka, var anndagskaka. Kvar ein i huslyden skulde ha ei slik ei. Når dei hadde baka anndagskaka ferdig, krota dei djupt inn i deigen namnet åt den som skulde ha ho. So vart ho steikt. Denne kaka skulde vera attåt nonsmaten annandag jol. Var du ikkje god til å eta ho upp då, gøymde du resten og åt han når du sidan fann for godt. 

 

Sers høgtideleg var det - serleg for ungane - når husmori tok til å baka på jolehanin. Det var ein stor deighane med kamb, bjøllor og ein glup sjart. Verst var det å få steikt han so han vart fin og velskapt. Jolehanen hadde den store æra å stå på smørstaupet i joli.

 

Mest like gildt var det når kjuklingkaka vart baka. Det var ei rund, flat kake med ei borg etter kanten. Midt på kaka var det baka til ei kjuklinghøne med ei liti tro rett under nebbi. Denne var fylt med "korn", baka av deig. Rundt ikring høna etter kakeborgi stod ei mengd kjuklingar med hovudet mot mori. Det var ei stor kunst å baka kjuklingkaka, so alt vart greitt og velskapt. Ungane var serskilt glade når mori eller bakaren hadde laga ei fin kjuklingkake. 

 

Når det lei til jole-eftan, skulde alle storarbeid vera unnagjorde. Det var so mykje elles som alle laut ståka med den dagen.

 

Um jole-eftansmorgonoen laut mannen sjølv vera brenntidleg uppe og laga seg til å fara til vedskogan. Han skulde etter gamal skikk svinge inn på garden med vedlasset i grålysingi eller straks før det vart dag, di tidlegare, di grummare.

 

Kvinnfolki var endå tidlegare uppe. Dei laga morgonmat åt mannen, og laut vera ferdige med stogovasken til han kom att med vedlasset. I den eldste tidi vaska dei berre tak og vegger i stoga. Golvet strende dei "reint" med ei jarnskodd trereke. Dette var før 1870.

 

So la alle den siste handi på all førebuingi til jol. Det vart fyrst sopt reint ut i garden for kvist og for. So vart sledar og kjelkar reiste upp. I skymingi sette dei upp inn joli, sa dei.

 

Jolebandet, eit godt kornband, på ei lang stong i den store beitakøsten som stod ut i garden. So tok mannen børsa si og skaut eit skot ut i lause lufti. Kvinnfolki pynta og sette alt på plass etter all umkumpling som husvasken hadde ført med seg. I høgsætet hengde dei upp handkledet. Det hadde ofte kniplingar eller sprang i båe endane. Dei hengde det vanleg over ei stong tvifalt, so øvre kniplinggangen var liggjande noko nedpå og utanpå handkledet. Alt dette arbeidet laut vera ferdig til skymingi. So tok alle seg ei sein, men sers turvande dugurdskvile. Dei sov gjerne til klukka 8-9. Då spratt alle upp. 

 

No skulde dei jolevaske og helgekle seg. Alle hadde no på seg dei nye kledi dei hadde fått. Det var fast sed at alle skulde ha fått noko nytt i kledesvegen til jol. Dei narrast ved ungane og sa at den som ikkje fekk noko nytt til jol, skulde sitja på hønsestaure jolenatti. Andre sa at dei skulde sitja på vedstabben ut i garden. Å få dette ordet på seg var ei stor skam. 

 

Vaskevatnet sitt måtte ingen slå ut jole-eftan minder han kasta ei glo ned i det. So gjekk bonden ut og sette stål over fjøsdør og stalldør. Det skulde vera til vern mot jolesveinane som dei meinte var ute og for i joli. Dei kjøyrde ut laurdag føre jol og køyrde innat tjuenddagen. Inn i lostabben bora han ein stor husnavar.

 

 Frå Grihamar, Øye i Vang av Eilif Petersen.

 

 

Ho mor sa at i hennar ungdomstid krita dei roser kring vegger og tak i dei svartrøykte raustestogene.

 

So jaga dei ut alle klovdyr (kattor og hundar). Dei kunde elles skræme jolesveinane. Og dei kunde hemne seg! 

 

Sist på kvelden jole-eftan gjekk budeia og mannen sjølv åt fjøset og gav krøteri kvar sitt kornband. Dyri skulde ha god kost jolekvelden. Dette kalla dei å gje krøteri ottegrima.

 

Maten vart det ikkje spara på jolekvelden. Han skulde vera både god og rikeleg. Veka føre jol hadde dei ikkje hatt det for feitt. Då skulde dei setja born og tenarar på låkare kost, so jolekosten skulde koma til å smaka so mykje betre. Denne tidi kalla dei skarka. Dette tala ho mor um ofte. 

 

Til nons jole-eftan var det klauver, dvs. sylta saue- og griseføter. Attåt dette var det (jord-) eple og flatbrød. Dei sa i gamal tid var det skikken å bera ut eit bein i senn som dei fann i syltelabben (griseklauvi) og reinåt. Og so skulde ein drikke ein dram for kvart bein. Men det var vel ikkje nokon som kunde greie å drikke so mykje vel? I vissa var det slutt med denne drikkeskikken i den tidi eg hugsar. 

 

 Griselabber var ritualmat formiddags på julaften. Alt med klover skulle vekk, tradisjon tro. 

 

 

Ved klukka 11-12 vart det ete til kvelds jole-eftan. No vart det helst lagt duk på bordet. Midt på bordet sto eit glupt smørstaup med haugen av smør på. Uppå toppen stod jolehanen. Jamsides - på ein treborddisk - låg ein glup ramost (surost) og ein søtost, helst den feitaste og finaste, bufarosten. Han var vanleg ysta av berre nysilt mjølk. På ein annan borddisk låg det ein haug med fine, mjuke jolelefsor. Jamsides låg eit par runde jolekakor, baka tå brannvyrte. Åt kvar i huslyden var det lagt fram ein treborddisk. Kniv og skei heldt kvar for seg sjølv. Skeiene sto i skeistalle på veggen over høgsætet. Kvar tok si skei når dei sette seg til bords. Når dei hadde ete, sleikte dei vel av skeii og sette ho på plass att. 

 

På framskåpkanten ved høgsætet stod den store og fint måla ølbollen full med godt maltøl og ei brennevinsflaske med eit glas attått. 

 

So bad mor alle setja seg til bords. Mannen sjølv tok sess i høgsætebenken. Fyrst var det lutefisk med lutefisk-supand attåt. Dei laga seg kliningar med smør og lutefisk på, rulla det i hop og beta kliningen i seg med dei åt fiskesupand attåt med skei. 

 

Av og til gjekk ølbollen rundt. Dei vaksne sparde heller ikkje på drammane. Tilslutt var det risengrynsgraut med nysilt mjølk til. I den siste tidi tok sume til å nytte raudgraut eller søtsuppe til ettemat. 

 

Når alle var ferdige, song dei gjerne eit jolevers att. Maten skulde stå urørleg på bordet heile jolenatti. Um jolesveinane, som reid ut laurdag føre jol, kom, skulde dei ha høve til å få det dei vilde. Ungane og ungdomen var ofte uppe mykje av natti. Dei dreiv med leik og moro. 

 

 Hermundstad gardane ca. 1950

 

 

På Jolebordet stod eit grovt, langt joleljos, som dei hadde støypt. Slokna joleljoset jolenatti, var det eit svært leitt mark. Ein i huslyden kom då til å døy innan året gjekk ut. 

 

Um jole-eftan kunde ein på ein snodig måte finne ut kven ein skulde ha til ektemake. Seint um kvelden, straks før dei la seg, tok dei eit fat vatn og eit brennande talgljos. So heldt dei ljoset på skakke over fatet, so det draup nedi noko talg. Fatet let dei no stå til um morgonen. Då hadde det gjerne laga seg mest som nokre bokstavar av talgi som flaut på vatnet. Dette var førebokstavane til den dei skulde få til ektemake. 

 

Um jole-eftan når jolesveinane kom til gards, tok dei gjerne hestane og reid på dei um natti på si ville ferd kring bygdene. Det var ikkje under dei stod laugande sveitte på stallen, når dei kom ned i til dei joledagsmorgonen. Men det var råd for dette. Du kunde hengje upp ei daud skjor i stallen. Dette veit eg han brukte, han gamle Johans Kasa. Og han sa han gjorde det for at jole-sveinane ikkje skulde ride på hestane hans. Tjuenddagen slutta joli. Jolesveinane reid inn att tjuendeftan, sa dei gamle. 

 

Joledagsmorgonen var mor som vanleg fyrst uppe og skjenkte alle vaksne kvar sin dram. So fekk dei stryllor attåt. Sidan bar ho mat på sengi til alle i huset, ogso tenarane. Dette var ferebisk. Til bisk fekk dei lutefisk og lutefisksupand med smør og lefse til, nett som jole-eftan.

 

Til dugurds var det kake, smør og ost med øl attåt. Nonen var sermerkt. Mor hadde kokt sild. Denne var klint på flatbrød. So vart den kokvarme gryta med kjøt og suppe i sett midt på golvet. Etter kvart som kvar i huslyden hadde fått klint seg ein sildeklining, stelte dei seg på hug kring gryta og stakk ni. På gryta låg det eit tjukt lag med kjøt- og fleskefløt. Dei stakk eine kanten av sildekliningen ned litt, so det vart eit lag med fløt på båe sidor av kliningen. So beit dei føre og åt til det ikkje var att meir fløt på. So stakk dei ned i att og åt på nytt lag. Soleis sette dei til livs fleire kliningar.

 

Til kvelds var det kjøt og suppe med (jord-) eple og brød attåt.

 

 

 Typisk ølbolle i asketre. 


 

Annandag jol var det ungkarane stad reid annandagsskjei, som dei sa. Då reid dei ut tidleg um morgonen til ein gard der det var ei gjente dei brydde seg um. So steig dei or salen, batt hesten og drog åt fjøset og moka og pynta fjøsgolvet til gjenta stod upp. Når dei var ferdige, vart dei ofte bedne inn på dram og strylle. So reid dei kan hende til eit anna fjøs og gjorde det same der. 

 

Tredjedag jol var det helg. Det var stor synd å arbeide den dagen. Elles var det helg alle kveldar etter non i joli like til tjuend-eftan. Eldbjørseftan slo dei øl i varmen. So fylte dei ei skei med brennevin og kasta både skeii og brennevinet inn i elden. Dette gjorde dei for at det ikkje skulde koma varme laus i det nye året.

 

Frå og med annandag og resten av joli gjekk umegde jolebukk. Dei sa de gjekk utkledning. Mange laga seg maskor, som dei hadde for andletet, andre hadde berre eit grise klede i staden for maske. Elles hadde dei på seg alle slag rare klede, so dei skulde bli heilt ukjende. I større eller mindre flokkar gjekk dei no frå gard til gard. Ofte hadde dei ein i flokken som var sveipt i eit bukkeskinn. Det hadde kjaft med tunge i og horn. Med eit snøre fekk dei kjaften til å gå upp. Han var raud inni, kjaften, for her var han kledd med raudt klede. Når bukken gapte som likast, kunde du mest ha kasta ein liten unge inn i gapet hans. Då brækte han som under skinnet gjekk. Kring halsen hadde "bukken" bjølle. "Bukken" gjekk alltid fremst i fylgjet. Når dei var inne, dansa dei gjerne noko, åvbrigda målet, og dreiv med moro. Ungane var ofte livredde utkledningane, og aller mest jolebukkane. Dei som såg utkledningane, laut prøve å kjenne dei. For utkledningane var det um å gjera å vera ukjende. Ofte fekk utkledningane øldrikke, og jolebukken gav dei salt for moro. 

 

 Gamal jolebukk

 

 

Frå og med annandag tok jolegjestebodi til. Det var fire grender i Øvre Dale. Uvdal, Sårrbu og Skogstad var ei grend. Gridhamar, Hermundstad og Svegji var ei, Grøv og Bø ei og Kasa og Strønd ei grend. Attåt grendi bad dei og skyldfolk i andre grender. Dei var ein kveld hjå kvar. Desse gjestebodi var høgtidsstunder i kvardagslivet, som alle gleda seg til. Folk møtte fram ofte mann av huse. Alle var kledde i dei finaste kledi sine. Når dei kom til gards, var det fyrst dram med strylle, gorobrød og bakels til. So gjekk ølbollen rundt. Når folk hadde prata saman ei stund, og alle var komne, bar det til bords. Den mest vanlege maten var kokt kjøt og flesk med tjukk, feit kjøtsuppe og gryn og erter i. So var det sett fram smør, ost, lefse og kakebrød. Ofte var det og spekekjøt og spekekurv. Til slutt var det gjerne rjomegraut og flatbrød. Og no vart spekematen send rundt. No og gjekk ølbollen ofte kring bordet attåt brennevinsflaska. Den fyrste som vart skjenkt brennevin, slo i glaset og skjenkte den neste.

 

Etter maten sette folk seg rundt huset til å tala saman att, kjerringane og karane kvar for seg. Ungdomen og ungane dreiv med stillesitjande leik av mange slag og hadde det fælande moro. Stundom spurde dei sporak eller fortalde reglor og sogor. Det var sjeldan fyll og krangel i desse jolegjestebodi. Folk tala saman um det daglege livet, um nytt og gamalt. Stridsspørsmål vart ofte avklåra, og ugreie uppgjord. Jolegjestebodi fremja godt grannelag og samarbeid.

 

Straks før gjestebodfolki skulde heim, fekk dei i den eldste tidi kveldsmat, øl og mjølk, i den seinare tidi kaffi, kake, smør, ost, lefse, jolekake, lefseklining og spekemat, stundom risengrynsgraut.

 

Ved midnattsbel takka folk einannan for laget upp i handi, og so bar det heim. Men då hadde dei gjerne teke mot innbedning til neste jolegjestebod. Ingen gong var folk so gjestfrie som i joli. Då måtte ingen gå ut or eit hus utan han fekk noko i seg.

"Du vill vel kji bera ut atte jole før uss?" sa dei når nokon då let seg for mykje beda, var håtvar, som dei sa.  

 

 

Ved nyår

 

helsa dei på nyårsnyet og spådde seg. Ho gamle Ragnhild Uvdal tala um korleis dei spådde seg når dei såg nyårsnyet. Når dei kom ut og såg nyet, skulde dei helsa på det å seia:

 

"Gu´dag, nyårsny!

Velkomin inn i vår by!"

 

 

 

Merknader

 

Jolesveinane kobles åpenbart til hedensk forfedrekult. Rittet på julekvelden, varsomheten og hevnen, er en variant av Åsgårdsreia. Slike ritt var vanlig i hedensk tid (av norrønt -skeið). Derfor har vi også en rekke norske stedsnavn med denne andrestavelsen - skeid, reid osv. 

 

Julens klovdyr er hedenske symboler, som representerer adrenalin og gjenfødsel. 

 

13. januar er Eldbjörgdagr (tjuenddagen).

(Jord-) eple er poteter.

Høgsætet er høysetet (til høvding/storbonde).

Ferebisk er "førfrokost".

Bisk er frokost.

Dugurds er formiddagsmat.

Nons er ettermiddagsmat.

Kvelds er kveldsmat. 

Strylle/stryllo er krumkaker på gammelt vis. 

Klining er lefse med pålegg.

Kurv er pølse (spekepølse).

  

 

 

Please reload

Please reload