• Odelsarven

Norrøn Livskunst - utdrag #2

Sidan dette manuskriptet vart skrive, har det gjenge tjuge år. Mor flutte på kyrkjegarden for snart tvo år sidan, og nære på 96 år gamall. Lite måtte eg vyrda sanninga um sjælelegt liv dersom eg no sa at mor var "daud" og "burte". Ei mor "døyr" aldri. Mors-tonen er den djupe grunntone i all menneskjeleg vår. Grav til botnar i all mannsens stordom: kvendeaugo lyser imot deg. Reis ein altar for eit stort kvende, for mor; ofra livet ditt på den altaren, og du skal eiga æveliv i ætta.

For ei mor kann alt. Ho trengjer inn i himmelriket med makt, ho byggjer himmelriket på jord, ho skaper samanheng og sol over livet ditt, so sant du vinn den sanninga som den sjælelege verda sjølv forkynner: ingen misser mor si.

Næst etter mor har far vore mykje for meg. Og det endå han andast då eg var tri år gamall. Eg minnest han ikkje. Men eg hugsar ein dag med mange hestar; og folk som gret; vaksne folk gret kvar eg såg; ingen vilde segja meg kva dei gret for, dei berre tok meg på fanget og greit meir. Enno ser eg for augo eit langt fylgje med hestar og folk som køyrde av stad; ikkje visste eg at dei kjøyrde far min på kyrkjegarden. Og eg held det for visst at der stod ein prest attmed grava og tala fint um denne bra mannen som no var "daud" og "burte"; um henne som vart att åleine, og um dei åtte borna som var "farlause" so tidleg. Og so var sanninga den, at i den stunda livde far so sterkt at hans ånd fyllte dei alle, og fekk vaksne norske bønder til å gråta. So full av fars ånd var heimen denne dagen at ho forma mitt fyrste barneminne. Frå denne sorgsame dagen og mykje som eg seinare har fått vita um far, har ånda hans stige fram for meg, med faste drag, og sterke krav til meg. Hans ånd er og vil alltid vera ein livande realitet i mitt liv. Eg kjende meg farlaus som barn og ungdom, for skuld ei rang religiøs forkynning og ei usann livssyn. Eg vann att far då eg som vaksen skyna kva sjælelegt liv er. At far er til som ein sjæleleg realitet, ei livande makt i mitt liv, det "trur" eg ikkje berre - eg veit. Ansvaret mot honnom kjenner eg langt sterkare enn skyldnaden mot millionane. Og eit liv i truskap mot ånda til far er det høgste eg kann gjeva...

Ingen må få veksa upp i den falske trua at han er farlaus eller morlaus; noko av den største sjælelege rikdommen i tilværet ranar ein då frå dei.

Farfar min har eg aldri set; han andast lenge fyrr eg vart fødd. Men ånda hans liver og vil liva framleides: i merkesteinane han sette ned rundt den nedfalne garden han reiste uppatt; i jorda han rudde, husa han bygde, heime og på stølen; og barneflokken som no har greina seg... Ein hardhaus var han, rettvis og pålitande...

Frå syskina mine har eg teke imot mykje, til vokster for mi ånd; mest tvillaust frå Vesle-Jartrud, og det endå ho andast berre seks år gamall. Me, dei tvo yngste, var alltid i lag. Ikkje kom eg att frå skulen ein dag utan at ho stod på dørhella heime og venta. Då so heile barneflokken lagdest av difterit, sa Vesle-Jartrud: "Eg skal døy, Nils døyr ogso. Gråt ikkje mor: eg går berre til far; og Torstein skal liva." "Kven skal då gjera alt det du har tenkt deg til?" "Det skal Torstein; han blir frisk att." So døydde Nils, og låg i kista si. "Ber meg burt til, mor, so eg får sjå han". "Ja, Nils, no kjem eg snart etter." Og so gjekk ho burt, i ei grav kviler dei; seks-og-firti år er det sidan dette hende.

Du som er sterkast i tvilen, kann du forklåra kor slike småenglar har si klårsyn frå, dersom ikkje ei åndsverd som rømer meir enn manna-ånda fatar, talar gjennom dei?

Bilæte av Vesle-Jartrud var der ikkje; og berre uklårt minnest eg andlitet hennar. Men i alle desse åra har hennar ånd livt i mi åndsverd, som mi gode fylgja. Tusund av gonger har det sagt derinne: Dette må du gjera for meg. Aldri kann eg då lata det vera. Med full sanning kunde eg ha sagt til folk som trudde dei hadde meg å takka for eitkvart: det kann de takka syster mi for; ho baud meg gjera det. "Kvifor har De gjort dette for meg?" sa ei framand fattig gjenta ei myrk skoddenatt i ein tysk storby. "Av umsyn til ei kvende som eg held mykje av." Ho kunde ikkje vita at dette kvende var ei liti smågjenta som hadde andast ein mannsalder attende. Men for meg var den sjælelege samanhengen klår nok. Vesle-Jartrud har vore min helgen i alle desse år.

Eg har teke fram nokre fåe drag or sjælelivet i ein barneheim, der eg er fyrstehands vitne. Det er talllause andre å ta fram, i min og din heim; desse her er einast nemnde som prov. Ingen av dei står lenger i våronna. Men som fyrstehands vitne kann eg sanna: Ingen av desse har eg mist. Alle liver dei i minsto i meg, som ei sjæleleg kraft; er "befal" som held streng disciplin, og grip inn i det sjælelege tilværet for andre, ubunde av tid og rom.

Dette er ikkje tru, ikkje religion, berre einfeld sikker kollektiv psykologi. Sjælelegt liv "døyr" aldri; det andast ut, frå den eine til den andre, alltid innfanga av nye liv. Det er lova om livsens store samspel i tilværet, underet, gåta som kvart menneske uppliver i og med den stutte våronna si i denne livsheimen.

Dei gamle i bygda sa det sannare for tusund år attende. Då sa dei "folk andast", men "vinden døyr". Enn um me vart likso vise som federne våre, og såg at menneskja óg er ånd, ikkje berre ei fysisk form.

Torstein Høverstad (1880-1959)

Manuskript fra 1920, utgitt i 1941, Norrøn Livskunst

Bondesønn fra Vang i Valdres

Cand. Philol. og overlærer

Utmerket med Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning, historisk-filosofisk klasse

® © 2020 Odelsarven, All Rights Reserved

If you want to use something, simply ask!