top of page
  • Forfatterens bildeOdelsarven

Norrøn Livskunst - utdrag #3

Det er vår og jonsok.

Høgt over barneheimen ruvar Haus. Hengjande bratt er vegen dit, upp gjenom nedre. midtre og øvre-Galden må du. Endå ligg Haus ovanum: eit snaudt, verslite hovud over breide herdar av gamalt grjot.

Her brende me jonsokvarme kvar einaste vår; leika rundt elden, og fekk varmen vår til å tevla med alle andre rundt i bygda. Ytst ute på kanten brende me, so logen lyste ned i gardane. Då sa dei vaksne: Nei, sjå på ungane!

Og tankane gjekk attende til den tid dei sjølve sprang um jonsokvarmen deruppe.

Fra Norske Folkelivsbilleder, av Knud Bergslien

Mange gamle skikkar steig fram i minnet. Underleg åtferd som ingen skyna. Jonsokvarme hadde dei brent so lenge nokon mintest, ingen visste kvifor.

Og ho gamle Marit kjende vel til, at bygdefolket tok mot isen med øl når han dreiv inn på Søvelsanden um våren. Då vart det betre år.

Og på Vennis. Bar dei ikkje det gamle gudebilætet på Hamre upp på Ølgongshaugen upp for Lunden og gav det øl, til godt år. Sameleis var det med gudebilætet på Høle uppi Dale. Og bøndene på Kvåle, når dei tri grannane pløgde ihop uppå Baldrolshaugen, åkrane deira, Baldroln, gjekk ihop uppå Baldrolshauge; du veit den store haugen tett nordanfor Skeie; nordanfor har du Tune og prestegarden i Vang; var det kje då gamall skikk, kanskje, at konone laut ned på haugen med øl, og traktera.

Men gamalt fall burt, og vart gløymt. Einast borna bala med sitt. Og jonssokbrisingar lyste i kapp, og mana fram dult liv som såg over våronna og vigde sumaren, i ei ætt som sjølv inkje såg... For jonsokbålet bind ættene saman i æveleg nyfødd ungdom, frå dulde fortider då Solguden rådde og lånte borna sine elden, og framover, inn i ufødde framtider.

Av Nikolai Johannes Astrup

Det går en mann burt etter bygda; han er på leiting etter sauene sine. Kjem han so fram til det vesle bergsvaet, der dei hadde brent jonsokvarme so lenge han visste um. Han set seg ned på knausen og ser utover. Utfyre rullar havet sakte, med døyvde bod frå heims-striden. Men vår er det, vårkveld framfyre ny dag. Sola er ved å glada, og kjæler for svarte åkrar og marker som grønkar. Glas glitrar mot sol, som bad gardane: Signe du strævet.

Tankar vaknar, langt innanfrå. Bygda kjem so innpå, vert so livande, han tykkjest mest ho andar. Eller er det berre solfallsvinden og vårheimen?

Kva er det? Midt framfyre honom, på bergsvaet, stig bilæte fram: Skip, menneske, dyr, ringar, underlege skapnader. Er det trolldom? Eller drøymer han? So skynar han samanhengen. Bilæta er der verkeleg. Rita som furor i berget. Skuggane frå kveldssola er det som har fått dei til å stiga fram. Helleristningar må det vera.

Den lærde museumsmannen kjem på staden, leitar, mæler, teiknar, grev til sides. Radt ned i jorda går bilæta. Ein av dei rikaste helleristningane i landet har stige fram i dagen, ættetale som kanskje var meir enn 3 000 år gamall. Usyneleg for ætta som i hundradår etter hundradår hadde samla seg um jonsokvarmen på same staden. So lenge til Solguden med smilen sin lokka fram att ættelivet som var rita i steinen. Den same smilen som stendig manar fram att livet for ei ætt som har mist det or syne.

Dei eldste skrivne bod frå federne er desse bilæte. Dei fortel um ei ætt som i årtusund har samla seg på denne staden, helsa Solguden med takk for våronn og bøn um sumarsigning på sjø og land; som vigsla med eld og øl alt liv og livsens frukt. Det var vårblotet. Og vårblotet vart til Johannes-øl, jonsokøl, til jonsok, til ein barneleik med varmen som ingen lenger visste upphav til.

Men ætta gjekk på leiting etter sitt fe, og var tyngd av tunge tankar. Ætta sin tale var framfyre augo; men augo såg ikkje... No samlar han borna sine um ættetalen og segjer: Høyrer de ætta talar? Bygda andar? Av ætteliv som trår etter sumar i dykkar vår?

Kan du tvila på at hans bod til ætta i dag er:

Vakna til ansvar mot ættelivet; det som var, er, og skal verta.

Sæle era dei som kveikjer jonsokbrising i landet, dei skal ikkje smaka dauden.

Sæle era dei som vinn gjennom galdane og upp på Haus, dei skal få sjå Noreg.

Sæle era dei som er ættelivet, dei skal liva.

Sæl den norrøne ætta, ætteliv gjennom tusundår, liver med i hennar strid, framtid vil ho eiga.

Torstein Høverstad (1880-1959)

Manuskript fra 1920, utgitt i 1941, Norrøn Livskunst

Bondesønn fra Vang i Valdres

Cand. Philol. og overlærer

Utmerket med Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning, historisk-filosofisk klasse

Relaterte innlegg

Se alle
bottom of page