top of page
  • Forfatterens bildeOdelsarven

Høgtider i Noreg og på Island - Vårfest og Jonsok

I Europa hev vårfesten spela ei stor rolla. Olaus Magnus gav i 1555 ei symbolsk framstelling av striden millom vinter og vår. Dei nystemnde norske skikkane synest å vera eit bleikt og uklårt minne um dei same fyrestellingane.

Jonsok (24. juni). Her nord måtte dei kritiske situasjonane i årslaupet vera jol og jonsok; for då stod soli lægst og høgst på himmelen. Kva dette hev havt å segja for nordbuane, kann me vanskeleg fata. I si skildring av Spydeberg (s. 431) segjer Wilse at "næst Juul er St. Hans aften og Dag den høytiideligste, da løsnes Børserne flittig og Tiære-Tønderne antændes til Natten i næste Bakker". Difor krinsar storparten av våre skikkar og truer kring desse polane.

Brising kalla dei denne elden som jonsokaftan "optændes paa Høie og Bierge, hvor man forsamles og holder sig lystig". Skikken var i 1762 "brugelig over alt i Norge". Dei hadde moro som aldri elles. I 1850-åri var festen "fremdeles i allmindelig Anseelse i Bygderne som i Byerne, saa man med Rette kan kalde den en almindelig Folkefest". På Vestlandet eller Sørlandet kunde dei midt i jonsokbålet ha ei stong med tverrtre, og krossfiguren var prydd på ymis vis. Han heitte kall eller kjerring (Bjørgvin bisped.). Sume stader brende dei syftesok-kall eller syftesok-kjerring den 1. juli. Det gamle skulde vika for det nye og gjeva rom for slikt som er friskt og livskraftigt. Ungdomane dansa kring bålet og hoppa over elden... Bueld skulde brennast der kyrne hadde lægjet sitt og vart mjølka, inni grindane, attmed sumarfjoset, i bumark og krøtervegar.

St. Hansbål ved Jølstravatnet. Av Nikolaj Astrup.

Jonsokaftan vart det óg elda attmed alle åkrar (Bindal), og dei fór kring markene og veifta med eld over graset for at det ikkje skulde brenna av for mykje eller taka annan skade. Det er berre rimeleg at voksterlivet (og dyrelivet) hev ein central plass i jonsoktradisjonen. Framum alt set dette sin dåm på naturi. Hovudtankane kring det nykveikte livet møter me på tvo måtar: den eine hev til fyremål å vekkja, fremja ved ein stimulerande verknad (positivt), den andre skal verna mot alt som vil øyda (negativt). Enno i manns minne var det skikk på Møre, i Trøndelag og Nordland å "vekkja upp" åkeren.

I 1864 er dette skildra slik frå Valdal:

"Men i Forvejen har paa enhver Gaard en af Beboerne, nemlig Husmoderen, en Extraforretning, som ikke maa forsømmes, thi den er hende overantvordet fra Fædrene, og hun vil holde den i Agt og Ære, selv om hun forresten ikke forbinder nogen særdeles Betydning med hvad hun foretager sig, eller fæster nogen Tillid til Handlingens Nytte. Hun skal nemlig, førend følgende Maade: - Enten alene, eller ifølge med et eller flere af sine Børn, begiver hun sig ud paa Gaardens Marker, hvor hun ved hver Ager plukker et Par Straa og nogle af de smukkeste Markblomster, hvilke hun efterhvert binder sammen i en Krans. Derpaa gaar hun med bedagelige Skridt og et højtideligt Ansigt rundt om Ageren, idet hun alvorligt nynner:

"Væk op, væk op baade Aaker og Eng,

Aa no ha Du sove saa længje i Seng

Aa no ha der vori baade Snjóv aa Regn

Aa no e Jonsoknotto kommo"

Denne tryllesongen tek ho uppatt for kvar åker. Songen kan skifta noko; men jamnast uppmodar han voksterlivet til å skunda seg, veksa snøgt, so ikkje den kalde hausten kjem for brått på. Samstundes kunde dei setja kvister i åkerhyrno. Då vilde det verta topp på kornet, som skulde strekkja seg mot høgdi. I Sverike sette dei grøne greiner i forone, so det skulde verta god skurd. Dessutan fortelst det frå Halland at "om midtsommarafton skulle en alkvist sättas ner mitt i varje åker. Dette skedde för att säden skulle bli lång och jämnhög samt bli jämnmogen."

Germanane på Bonifacius´s tid bar avgudsbilete rundt markene. Me møter det same hjå nordbuane fyre vår tiderekning. Fyre innhaustingi gjekk dei romerske prestane tri gonger rundt kornmarkene (ambarvalia), ei mengd glade bønder var med, kring tinningane hadde dei ein eikelauvkrans, og so song dei. Desse utgamle signingsmåtane fall godt inn i katolisismen. Den kring-gåingi som me no særleg kjenner frå dei nemnde stadene i Noreg, er visseleg ein levning frå eldre tider og eit beinvegs uppatt-taking og eit framhald av dei katolske gangdagane, noko ein óg finn i andre protestantiske land...

Gangdagane i den katolske tidi var ofte til minne um ei eller onnor ulukka som hadde kome over landi. Dei hadde upphaveleg ikkje til fyremål å velsigna voksterlivet; men denne tanken vart snart uppteken. Når det gjaldt grøda, kunde kring-gåingi spesialisera seg slik: velsigningi vart lagd um våren eller ved jonsoktider, då dei vekte upp åkeren, og syftesokdagen (2. juli) dreiv dei burt alt som kunde skada grøda. I Aurland kalla dei syftesok for "gamle jonsok". Det viser at ein hev med same dagen å gjera, noko som elles kjem klårt fram av truene. Då måtte ein ikkje riva i jordi eller fara med noko som gjekk rundt, t.d. kinna, snu rokken, slipesteinen o.s.b. Det valda ulukka (Jølster). Dette heng saman med solsnuen. Mange stader gjekk dei i prosesjon um åkrane og skulde syfta ugraset burt. I Stange (Heidm.) stakk dei older- og briske-kvister ned i åkeren og sa eit vers:

"Nu vil jeg syfte sørken av åkeren min,

så den blir både ren og fin;

så setter jeg den i older og brisk,

så den kan holde sig sterk og frisk"

Namnelikskapen hev her spela inn. Det framande ord Svitun (svoka) vart avslipt og sett i samband med verbet syfta - reinsa, og ein fekk syftesok. Elles finn ein dei same skikkane og truene som ved jonsok (t.d. vokeld, fest, brudlaup, trollkjerringar).

Noko av det mest karakteristiske for denne tidi er jonsokbrudlaupet. Berre på Vestlandet (Møre og heile Bjørgvin bispedøme) hev tradisjonen vore levande til våre dagar. Han er særleg rik i dei stroki som hev mange minne um jonsokelden.

Høgtidi stod jonsokaftan eller jonsokdag. Brudi var alltid ei smågjenta, ofte i bunad eller annan stas, pynta med blomar i håret, kruna av never eller sylv, i handi hadde ho ein krans, sumtid med lange flagrande band. Elles møter me alt som høyrer til eit vanleg bondebrudlaup: brudegjentor, leidesveinar, skautkonor, vigjing (av ei av dei største gjentone), brudlaupsmat, spel og dans.

Sumtid hadde dei leik ved jonsokbålet. Den fyrste utførlege skildringi skriv seg frå 1820-åri: "

Førend jeg forlod Sogndals Præstegaard, var jeg Vidne til et særeget Optrin. Det var just St. Hans Dag. Vi hørte Larmen af en Tromme fra Veien af, og da vi langt borte saae en festlig Færd nærme sig, saa troede vi, at det var et Brudefølge, som Præsten netop til den Tid ventede skulde gaae til Kirken, hvor en Vielse skulde finne sted. Men nei: det var altsammen smaa Mennesker, Børn, som efter gammel Skik hver St. Hans Dag gaae saaledes omkring, og agere Bryllupsfærd. En liden Tambur gik i Spidsen, saa kom den lille Brudgom, en vakker Dreng paa 10 til 12 år, saa hans Følgesvende, saa endelig et større Følge. De bleve budne inn i Gaarden, hvor vi stode som glade Tilskuere, og tracterede Præstens Hustru dem. Paa vor Opfordring dansede de i al Uskyldighed, efter deres egen simple Musik, hvorved Trommen gjorde Contrabassens Tjeneste, og den lille Brud med megen Blufærdighet og Tekke. Vi lode dem naturligviis ikke gaae uden Skjænk og Gave, men en Specieseddel, som jeg forærede dem, forstode de sig slet ikke paa."

I det siste hev berre born vore med; men før var det vaksne, jamvel so seint som for ein mannsalder sidan. Enno vert mange vanlege brudlaup høgtida rundt jonsok (Vestlandet). Av tradisjonen kann me ikkje sjå klårt um det finst samanheng millom jonsokkvelden, der kallen og kjerringi vart brend og brudeparet; men mykje talar i den leid: dei unge symboliserar det spirande livet som skal eggja til etterfylgjing, grøderikdom, skapning av nytt liv.

Til alle desse skikkane kann ein finna parallellar ute i Europa. Cermoniane hev vore svært like. Ei skildring av høgtidi frå Tyskland på 1500-talet liknar i høg grad dei skikkane som var vanlege hjå oss i manns minne. Dei hev halde seg konstante; men lenger sud er dei ofte knytte til vårtidi. Maifesten med Maibrud og Maikonge er velkjend fra Tyskland og Sverike. I Danmark og sumstad i Sverige høyrer me um pinsbrud. I det sistnemnde landet kjenner dei og jonsokbrudi. Hjå oss reknar mange at sumaren fyrst tek til for ålvor ved jonsok.

Like til det siste hev dei sume stader halde helg jonsokdag. Den særlege kosten er minne etter høgtidsdagen. Vanleg vert rjomegrauten nemnd. Han vart rekna sers gjæv. Ungdomane skaut stundom saman og koka grautenved bålet. Elles kunde det vera raud-dravle, lefsa, gumbe o.a. Romi skulde vaskast. Etterpå pynta dei med grønt og blomar, serleg hegg, rogn, bjørk og pors. Golvet var strådd med eine. I fjoset sette dei kvister av hegg over kvar ku. Då hadde ikkje trollkjerringane nokor makt der. På Island vart dagen halden heilag og rekna som ein stor merkedag. Særleg var det ovstor tru på jonsoknatti. Då flaut alle steinar uppe, eller dei kom upp, dersom dei var i jordi eller brunnen, og ein måtte vera til stades for å få tak i dei. Ei upptekning segjer:

"På tri stader fann dei steinar med overnaturleg kraft. I desse fjelli er tjørner eller brunnar, og der flotnar steinane upp jonsoknatti og svingar seg i leik. Det skal ikkje vera vanskeleg å få tak i dei... Då finn mannen brunnen, men det skal ein akta på å vera komen burt frå brunnen før soli er heilt uppkomi, elles held steinane mannen fast"

Nornene ved Urds brønn.

Då skal ein óg ta låsgras, mjødurt og tjuverot, dersom desse grasi skal duga til det som dei skulde vera til: opna lås og sjå tjuvar (Isl.). Det var vanleg tru at allslags urter og blomar skulde sankast jonsoknatti. Då hadde dei ei serskild kraft til lækjedom. Jonsokgraset vert ofte nemnt. Frå Valdres kjenner me denne upptekningi i 1687:

"St. Hans midsommer aften d/:23 Junij skall noget af det beste græs afslaaes og naar det er vel tørt, legges det for sig self at giemmes, thi bliver noget fæe sygt er det høe en god lægedom."

I Brandsval sa dei at dette måtte gjerast medan doggi låg; då var det godt for helsa til dyri. Frå Tynset fortelst at sjuke folk skulde rulla seg nakne i doggi før soli rann jonsokdag; då vart dei friske att. Like eins på Island: "Då er doggi so helsegjevande at ein besnar av alle sjukdomar, dersom ein velter seg i denne heilt naken". Midtsommardogg vart samla i eit reint klæde og havt på ei flaska og bruka til augevatn. Doggi or marimynta (Alchemilla vulgaris) skulde vera sers god for den som hadde vondt i augo, og måtte helst takast ved midnattstider.

Dei gjekk óg til kjeldor og tok vatn til lækjeråder. Det hadde ei umfram kraft og vart nytta til å bada born i. I nært samband med jonsokdoggi stend pilgrimsferdene til ymse heilagstader. Frå 1875 er det fortalt slik:

"I ældre Tid brugte syge og verkbrudne Folk Sancthansaften at valfarte til Heggelands Kirke. Efter der at have forrettet sin Andagt, gikk de til den lige ved Kirkegaarden liggende en Bedehaug, sluttede en Kreds om denne og dansede rundt om Haugen, idet de holdt hverandre i Hænderne. Efter Dandsen gik hele Følget ned til Elven og badede sig, og hermed var hele Kuren overstaaet".

Fra boken Nordisk Kultur, Årets Høitider, 1938

 

Merknader

Brising er av de mytologiske dvergene (Brisingene), som smidde Frøyas storslåtte smykke Brisingamen. Dette smykket personifiserer solens syklus, men også alle brisingene (bålene) i rekken av høydedrag og vann. De er også hennes "tårer av gull" (lys, forfedre), re-inkarnasjon (at det unge og friske tar over for det gamle). Verdens ordning. Naturens puls.

Brønner og kultisk besøk ved disse, finner vi til stadighet igjen i bygdekultur, ved solvervene.

Bedehaug er en typisk gravhaug fra førkristen tid, som kirkemakten kuppet til sitt formål. Tradisjonene med å gladlynt danse rundt dem i ring, på lik måte som rundt juletreet, lot seg dog ikke knekke.

Relaterte innlegg

Se alle
bottom of page