Similengjar - utdrag av ein gards- og ættesoga

Slik innleder Anton Espeland i 1925:

 

Når fedrarne våre rudde seg heimar, ser det ut til at dei heldt seg til sol-hall noko i høgdi. Eit slikt hall er det soleis Kvien (Kviðin) ligg i, og det er ein av dei eldste gardar me kjenner i Valdres. Runesteinen og kjempehaugarne i hallet ovanfor Einang (frå 400-talet) vitnar og um busetjing i høgdi. 

 

Semeleng (Similengjar), som ligg i eit hall mot sør-aust eit stykke upp frå vatnet, syntes ogso å vera ein gamal gard. Jamvel namnet vitnar um høg alder. På nyare rudningar vilde dei vel ha funne eit meir endeframt namn. 

 

 Garden Similengjar.

 

 

Som me ser av brevet frå Ivar Aasen gissar han på, at det gamal-norske Similengjar tyder reins- (elder simle-) eng. (Simil = simle = reins ku). Professorane Hægstad, Falk og Magnus Olsen er samde med Aasen. Ogso professor Sophus Bugge og biblotekar, cand. phil. Kjær, endå dei ikkje kjende til Aasen sitt brev. Mange finn lell denne tolkingi lite rimeleg - både avdi dei meiner reinen berre held seg i høgfjellom og at namnet då måtte vore Simle-  elder Reins-engjar (-engjom) - ikkje Simil-engjar (-engjom). Men, som me veit, held reinen seg ogso i lægdi og vil gjerne beita på bu-mark, når han kan koma til; det ser med både i Finnmorki og andre stader den dag i dag, so i gamal tid gjekk vel rein og elg saman med andre dyr i skogen. Dei som er bygde-kjende veit ogso at Simle i Nord-Aurdal og Reinli i Sør-Aurdal hev same lægjet. Og at reinen er upphavet til desse namni, er det vel ikkje mange som tvilar på. Og um reins-kui for 600 år sidan, liksom no, vart kalla simle (semble), kunde ho i endå eldre tid heitt simil. Professor Magnus Olsen meiner det same. 

 

Vår skrevne soga for Valdres gjeng snaudt tusund år attende. Og me veit for visst, at der var rudde bygder tusund år fyrr den tid. Det kan vel tenkjast, at når dei gamle landnåms-menn kom vestanfrå yver Filefjell ned gjennom Skakadalen til Vang og derifrå yver Dinglad´n ned gjennom Saltmannsbrøtin til ufsi nedanfor Dokken, var dei so klumsa av det fagre utsynet yver dalen, at dei rådde seg til å slå seg ned i solhallet nedanfor, som til dess hadde vore beite for elg og rein. Dei fann so at Similengjar var sjølgjevne namn. 

 

Som me meinte Aasen namnet burde stavast Semeleng. På ei slette med fri utsyn yver dalen ligg ein kjempehaug. Det ser ut til at haugen diverre eingong hev vore plundra. Sletta ovanfor hev i seinare tider vore brukt till leikarvoll. Venteleg hev ho vore nytta til det i gamle dagar med, men då til leik med meir handfaste våpen. 

 

Oldsaker veit me ikkje um hev vore funne på sjølve garden. Dette kan vel synast underlegt, når garden skal vera frå gamal tid. Men når me hugsar på kor lite våre fedrar ansa på gamle saker, er det ikkje so rart lell. Ja like til våre dagar reiv (rulla) dei ned gamle hus og brukte vyrket til nye. Og for ikkje lenge sidan brukte dei på garden eit gamalt spjot som "ispil" til å stikka upp brunnsholet med um vetteren. Det ligg endå på garden ein gamal ryttar-pistol med flintelås. Og der finst ogso eit gamalt byrse-lås, som Ola i Hyllun fann eingong han pløgde. Ei stridøks ("halvtydne") med skadt skafte-hol fanst ogso. Um dei då ved rudning og under dyrking fann våpen eller andre tølor, so brukte dei vel det kostesame jarnet til vyrke for reidskap av ymse slag. 

 

Men i utmarki ved ein bekkjebradd som grensar inn til den dyrka eigedomen, som me meiner har høyrt garden til i gamal tid, fanst for um lag 50 år sidan ei mengd med gamle våpen frå den eldre jarnalder. 

 

 Utvalg funn. Eldre jernalder. 

 

 

Slik innleder Anton Espeland denne ættesoga i tidskriftet for Valdres historielag 7de årgang av 1925. De første skriftlige kilder vi har på denne ætte- og etterhvert "adelsgården" finner vi på pergamentsbrev fra Similengjar av 1. februar 1324, 25 år før svartedauden. Brevet er gjengitt på gammelnorsk, og forteller at Audun Guttormsson på dette tidspunktet var ættefaren. Ætta på Similengjar (i dag Semeleng) giftet seg 100 år etter inn i den langt mer kjente Losna-ætti. Denne ætta har sitt opphav på garden Losna i Sula (Solund i ytre Sogn). 

 

 Losna ættas våpenskjold.

 

 

Ætta på Similengjar og Losna går videre og enda lengre tilbake enn dette. De utgjorde et kraftsenter i den "nordvestre" delen av Norge og på en av de eldste og senere eneste adelsgården i Valdres - midt mellom øst- og vestlandet langs oldtidsveien. De eldste ættefedrene vi kan finne er blant andre Finnvid Finnson (f. 857) og hele det hedenske kraftsenteret på Giske/Austråt. Blandt andre, Torberg Arnesson på Giske og Ragnhild Erlingsdotter og deres datter Tora, som giftet seg med Harald Sigurdsson Hårdråde. Resten av historien både før og etter, kan man selv lese i sagaene. 

 

Det fantastiske er, at Norge er full av slike historier. I dag er det engang viktige Semeleng et gårdsbruk, som så mange andre rundt om i landet. Ingen legger noe videre merke til det, de kjører bare forbi. Uvitende, om at et lite gårdsbruk kan inneholde den mest storslåtte av historier. Skatter, som finnes i både stedsnavn, middelalderbrev, i gamle kjempehauger og røyser. I blodslinjer - rakt ned til vår tid. 

 

Please reload

Please reload

Bitchute.jpg