top of page
  • Forfatterens bildeOdelsarven

Um ætta på Hamre og namneskikken

Ætta til farfar kom frå Hamre. Der hadde Tors-namn bore samanhengen i ætta i uminnelege tider, Torsbilætet fanst på garden radt ned til 1820-åra; kvar jonsok-kveld bar Hamres-mannen det upp på Ølgognshaugen og heidra det med øl-skjenk, til godt år og fred; eldre religiøs ølkultus lyste i denne seden.

Tor Hamre hadde vorte til ein segnfigur som samla i seg heile den norrøne livstrua, bar uppe motstandet mot prestane, og sette livet inn i denne striden for nedervd norrøn sed.

Han åtte Tors-stein, og kunde koka løysingsvatn åt alle dei som sveik federne og ikkje kalla dei uppatt, då fall ætt-federne ut or si ævelege sæla: livssambandet i ætta, og straffa ætta for det med at fostret rotna i mors liv; einaste berginga var løysingsvatnet, kokt på Tors-steinen.

Hamre. Foto: Belsheim site.

Mang ein gong vandra bygdefolk til Hamre etter løysingsvatn; fylgde etter sola når ho siglde inn mot Tors-hødnet - seinare Skudshødnet; solguden, bondeguden, d.e. Tor, var harm so ein tolde ikkje glansen hans; og skaut det i Tors-hødnet, varsla det heilt visst at Tor var harm, og sende storm.

Like utum garden, ved Mjøsa i Hamrislunden, budde tøltebonden; han heldt seg i dei gamle bjørkene der; Hamrismannen helsa han med øl når isen løyste seg. Frå Lunden kunde ein ta inn ei bjørk jolekvelden, men Lundshamaren måtte aldri bli snaudhoggen, då var det ingen til å yta isen frå landet um våren, og so gjekk det ut med Hamrismannen.

Mangt og mykje visste mor å fortelja um Tor Hamre, korleis han livde saman med fjell og feder i underleg livs-eining, og med jol og jonsok som viktugaste møtet for ætte- og naturlivet; fjell-åndene - eller fedra-åndene - sende han heimatt or Jotunheimane til jol; jamvel frå dei framande landa kom han att, og vart sessa i høgsætet jolekvelden.

Lauvløe fra Sygarde Nørre Hamre

Mang ein gong når Veslegut gjekk til Vennis, d.e. til Hamre, såg han for seg bygdefolk som henta løysingsvatn, sat og kvilde i lag med dei på Kroka-odda, rett inn for Olsholmen som St. Olav hadde tenkt til bru over Vangs-Mjøsa; stod med age framfor steinane, der dei fire paktarane til presten lurde på Tor Hamre, såg at Tor fellte dei alle, heldt den særde likamen sin ihop med armane og sa: "Enno rugga nok han Tor til Hamre." Hundrad meter nærare heimen stod steinen der han óg lagdest.

Feder og bygd, sol og fjell, alt saman tvinna seg ihop med livet til Veslegut sjølv: han åtte dei, og dei han kvar han gjekk; for han Tor Hamre åtte dei alle.

- Torstein Høverstad, Norrøn Livskunst 1941

Um namneskikken

Fyrste gutebarnet som vart født, skulde ha det gamle namnet som hadde vore på garden. Helst var det då far åt faren som vart kalla upp att. Men dersom det var ei gardgjente eller jordgjente guten var gift med, var det far hennar som vart kalla uppatt. Fyrste gjenta som kom til verdi i eit ekteskap, vart kalla uppatt etter mor åt faren. Andre guten fekk namn etter far åt mori. Den andre gjenta vart kalla uppatt etter mor åt mori.

Sidan kalla dei upp att besteforeldri og oldeforeldri sine og so burtetter i same orden. Dei kalla heller uppatt to namn av same slag enn dei braut denne namneskikken.

Var det noko utskot mellom namnefedrane, vilde dei ikkje kalle uppatt desse.

- Ingebjørg Andersdotter Hermundstad i 30-årene, fra Norsk folkeminnelag, Ættararv

Relaterte innlegg

Se alle
bottom of page