top of page
  • Forfatterens bildeOdelsarven

Norrøn Livskunst - utdrag #1

Om Livskunna og Borna

Det er ikkje soga um livsens store samsong som borna får høyra i skulen sin, men det fagvitenskaplege skjema som røynleg ikkje er til utanfor det vitskaplege tankearbeidet. So lenge har dei vaksne trutt at desse skjema inne i hausen på vitskapsmannen er sjølve den livande natura, at denne rangsyna har grott fast. Sume vaksne maktar kanskje sjå den livande verda attum; fleirtalet greider det lite, og borna slett ikkje. I so mang ein skule sit dei der og terpar 7-10 år på desse fagvitskaplege skjema, kjem ikkje til å sjå livssamanhengen, og blir fattigare for kvart året. Glade er dei den dagen dei slær bøkene att og kann snu ryggen til heile skulen. "No skal boka ha takk for meg", sa ei 14 års gjenta, ho slengde Reusch´Naturkundskab i veggen.

Foto: Odelsarven

Tusundvis tenkjer det same, og liver der etter. Boklærde er sume, og åndeleg matleide er mange. Skjematisk bokdumba ligg på sjælsauga, so dei ser ikkje og skynar ikkje livseventyret på åkeren i vårtida, arbeidet til kløveren, agnmakken, bakteriane, bione og blomane, livssoga til eit tre, vatnet som tenar i livsheimen, solstrålen i arbeid, tyngdekrafta (varmen, elektriciteten, den kjemiske dragningsmakta) som herre og tenar for livet.

Me har sjølv som elev havt naturfag i folkeskulen, ungdomsskulen og millomskulen. I folkeskulen pugga me Reusch´Naturkundskab, og var skamfulle kvar gong me sa fram leksa. På amtsskulen stridpugga me latinske namn på norske plantar, etter eit vitskaplegt skjema som ikkje er til. Men me kjende ikkje att desse plantane ute og visste mest ingenting um deira rom i livsens store samarbeid. Den ætta som budde i bygda 200 år fyrr og ikkje sleit skulebenken ein dag, åtte likevel langt større kunnskap um dette naturlivet enn me som får både 7 og 10 års skuledaning. Og gamle Aslak på Haugen som endå i min uppvokster bar uppe noko av denne gamle kjennskapen til livsmakta i planteriket i bygda, og gjorde gode att både folk og fe med dei underlege plantesaftene han kokte ihop, han kjende denne luten av livsheimen i bygda mangedubbelt betre åleine, enn alle dei lærarane eg har havt i dei seinaste 32 år til saman; og det endå dei samanlagt har gjenge på skule og lese i naturkunna i meir enn 400 år, og sjølve halde skule i over 700 år.

På millomskulen lærde me namna på hundravis med daude billor, som me einast kjende frå dei øskjone dei låg i. Læraren hadde diktera namna etter nummer soleis som dei låg i øskjone. Berre i rekkja kunde me dei. Me pugga typiske rotformer, stilk-, blad-, blomster- og fruktformer, typiske plante- og dyreformer og alt dette som er viktugt for vitskapsmannen når han skal byggja sine abstrakte tankeskjema. Men korleis det same livet bylgjar i æveleg skifting gjennom all denne ytre form, det kom lite fram. Heile upplæringsmåten, lærebøkene, pensumet og eksamen låg i vegen for ei slik upplæring som med sanning vilde vore livskunna. Og upplæringa på lærarskulen svara til. Me pugga upp til 7 fargar på ein fugl, visste kva sida og lina det sto på, men kjende sjølvsagt ikkje fuglen att ute i natura um me såg han. Me måtte so gjera; det stod sto i læreboka, og ho laut me kunna til å få ein god karakter i skriftleg naturkunna.

Ei ringare fyrebuing til å læra borna å kjenna livsstriden i dyreheimen, enn å nytta åra på lærarskulen til å pugga det vitenskaplege skjema i Boas, Dyreriket, er det ikkje lett å spekulera ut.

Me har nemnt berre einskilde døme. Men me kunde halda fram i det endelause. Alle desse lærebøker i vitskaplege skjema gjev tilfang nok. Attåt dei ligg dungar av notisbøker frå skuleåra og fyller ut desse skjema. Mange er reinskrivne i dyre nattetimar i dei fyrste ungdomsåra. At dei er til er i dubbel meining ei synd mot livet. Både avdi dei slørde livet til for oss; og meddi dei vart til strid mot sjølve livet. Når natura kravde sin rett og ein sovna frå skjemaet, var livet ein nærare. Aldri har me kasta burt so mykje åndskraft og med so lite resultat for oss som lærar og som menneske.

Torstein Høverstad med Olaus Islandsmoen

Kjemi, fysikk, zoologi, botanikk, anatomi, fysiologi, geologi, fysisk geografi finst berre i tankelivet til den vaksne og høyrer heime i hausen til vitskapsmannen. Ta t.d. borna - 14 åringar eller 7 åringar, det kjem på eitt ut - og fylg vatsdropen på ferda gjennom livsheimen; frå solvarmen lyfter han or havet, gjennom skytaket, til høgfjellet, sjå korleis tyngdekrafta seint og sikkert dreg han attende til havet, og korleis han på vegen ber maten til heile livet; krabbar seg upp gjennom røtene til alt plantelivet med mat åt det, dunstar ut frå blada, kjem att som regn og byrjar på nytt, eller som snjo og vermer småføtene til heile planteheimen, et upp det faste fjellet og byggjer fagre slott djupt nede i jorda.

Fortel um den gongen du hadde blodforgiftning i foten, korleis bakteriane braut inn der livet var såra, korleis dei kvite blodlikamane skunda seg av stad på grensevakt, fyrst rundt såret på leggen og vilde eta upp fienden, so attende til kneet, andre forsvarslina (kjertlane er festningane); då dei tapa der óg, attende til mjødma der sterkaste festninga låg og hardaste striden stod. Og du visste der du låg og kjende striden, at vann bakteriane der óg, for dei beinast blodet og frå hjarta ut i heile kroppen og tynte livet. Det var ditt vesle livseventyr striden gjaldt denne venda.

Fortel um treet du planta attmed stoveveggen, kor du tok det frå, korleis det livnærde seg der, kva slags mat du no ber til det, og korleis denne maten går i æveleg rundgang, frå livet gjennom dauden til nytt liv att. Fortel um skogen, dette vedunderlege livssamfundet som hyser so mange liv og livsformer; sume liver ein augenblink, andre tusundvis av år. Gjennom tusund års kamp for tilværet har dei arbeidt seg saman so den eine gjev livd og næring til den andre. Kvar syter seg og tener samstundes heile livsarbeidet. Frå elgen og eika til mosetæpet, vatnet, agnmakken og alle dei andre har dei si gjerning i den store syntesen, livet.

Fortel eventyret om agnmakken som blind og stillfarande krek sine løynde vegjer i jorda, kjøkmeisteren i den store matsalen til natura. Lite ser du han, og lite ruvar han. Men alle får dei maten sin frå det store kjøkenet hans. Alle dei fabrikkar menneskja reiser, er reine barneverk mot storverksemda hans. For han lagar molda som heile plantelivet nærer seg av. Og han grev kanalar i jorda so luft, vatn og alle slags fine røter slepp fram. Ustanseleg er han på ferde, smett og vrid seg fram, pløgjer og horvar i det endelause, snur og vender på jorda, betre enn nokon bonde med moderne maskinor. Ingen hagemann, ingen ingeniør kann mæla seg med agnmakken. Når natta er still og fårande frå alle fiendar mindre, vågar han seg fram og sankar tilfang åt fabrikken sin. Visne blad rullar han ihop og dreg dei ned i jorda. Greiner som døyr og dett av, blad, blomar og gras som visnar, flugor og fuglar, dyr og menneske, smått og stort som fell av frå livsens store matbord og er uppbrukt, vilde gjera natura til ein einaste stor kyrkjegard, dersom ikkje nokon tok imot alt dette avfallet og å nyo laga det til mat åt livet. Her er agnmakken den trugnaste av alle. Når ròtbakteriane har lema sund alle desse lika, kjem han, sjølve kjøkmeisteren, elter det alt i fabrikken sin so dei vert til den finaste matjord. Og fabrikken er sjølve agnmakken. Han et det i seg alt ihop, held att det vesle han treng til å liva og gjev resten frå seg som ferdig mat åt livet. Han er soleis både arbeidar, driftsherre og arbeidsmaskine på ein gong. Han har i si livstenesta løyst dette vande sociale spursmålet som menneskja ikkje greider. Og som tilfanget han får på kvar staden er, vert matbordet han dukar. So set livet seg til bords og tek for seg av rettene, kvar etter sin hug.

Frå skrinn, mager jord nedmed attarste bordenden upp til den feitaste matjorda framme ved høgsætet, veks livet i vænleik og rikdom. Og som med plantane, soleis med dyrelivet som nærer seg av plantane. Men frammed matskåpet står kjøkmeisteren og viser alle romet sitt. Blomar som angar av venleik og vår, marker som mognar i yrande sumarliv, åker som gulnar av grøda, skogen som lyfter seg livsfrisk og stor, og trassar sjølve vetteren, alle har dei agnmakken å takka for maten sin. Og menneskja med som gleder seg over all denne venleik og rikdom, og liver av han. Men ingen ansar honom, eller har eit takksamt ord å gjeva honom. For dei aller fleste er han berre den vesle blinde krypen som kvar liten fisk og fugl, frosk og maur jagar og ét. Ja, um det so er menneskja sjølv, jagar ho han og nyttar han som agn til å lokka fisken i dauden. Difor heiter han ogso agnmakken.

Men soleis er det i livsheimen; Den vesle som tener livet, er den store. Alt livande må døy og rotna, frå menneskja ned til det minste krekande. Skal det å nyo få bli med i livsens store samsong, må det innum agnmakken. Der han ikkje får arbeida, vert jorda òg hard, klumput og grødelaus. Alt det rikaste plantelivet døyr ut, og so tagnar alt anna liv etter kvart. Ei øydemark ligg att til slutt.

Soleis lyder soga um agnmakken, den stillfarande, men sterke tenaren for livet. Som alt anna livande er han berre ei einskild form i livsens store ring-gang; like stor som alle andre leder i den same livsringen; fordi all livstenesta er stor - det einaste store.

Um du fortalde borna desse eller andre livseventyr soleis som dei røynleg er, og med ord som høver for borna, eller las dei upp or ei god lesebok i livskunna, ver sikker på det finst ikkje eit vitugt barn utan det vilde høyre på.

Um me stod framfor ei klassa 7 åringar vilde me aller fyrst læra dei ein god song, for song er det høgste av alt liv. Deretter vilde me setja oss til å prata um livet. Og so vilde me spyrja: Kor mange av dykk trur at dokka er livande? Ei og onnor gjenta vilde kanskje setja handa lite grand upp; og sjå på gutane um dei lo. Men gutane som var meir vaksne, sette nok ingi hand upp. Då vilde med skoda på gutane so forundra som råd var å segja: Er de so dumme karar at de trur dokka ikkje liver. Visst er ho livande. So vilde me fortelja eventyret um den livande dokka, um kjolen hennar som voks upp som ein plante burte i Amerika, um skorne, kroppen, augo, håret, soleis at dokka kom inn på plassen sin i den store livsringen, og vart livande på ein langt meir eventyrleg måte enn alt som ungane kunde tenkt seg. Og so trur me at borna vilde koma heim og segja: Du mor, no kann du tru me har fått ein artug skulemeister; enn han sa dokka var livande. - Men inst inne vilde ungane vera glade. For det er den livande dokka dei treng. So vilde me halda fram frå dag til dag og gjera heile skulehuset livande, og gå vidare med leikeplassen, skulehagen, heimen, kyrkja, bygda, fedralandet, heile verda. Og me veit det skulde lukkast langt meir enn som skulen maktar det no å føra frå den barnslege tru på livet og fram til ei livande verd, so desse borna som vaksne åtte noko av den livsrikdommen som ei slik natursyn gjev.

Pierre Jacques Dierckx (1855–1947) «The Knitting Lesson»

Her står me framfor den store grunnskaden som sermerkjer notidskulturen: den falske, fattige natursyna hjå notidsmennesket. Livet sitt liver det i ei daud, sjællaus verd, og er fattigare enn manna-ætta noko sinne har vore. For ho har mist trua på grunnsanninga: livet i heile tilværet. Kvar ser berre eit liv; sitt eige; men utan den rette samanheng med alt anna liv i den store livsringen. Ungane står med si barnslege tru sanninga nærare enn dei vaksne. Federne som trudde på skogsåndene og varde seg mot dei på ymis vis; som budde i lag med hulder, haugfolk og troll, nisse, nykk og draug, dei åtte i dette ein umissande rikdom. Det ligg i all denne trua ei ålvorleg religiøs kjensla og ein djup menneskjeleg livsvisdom. Men hovudsaka er at det er sant. Det var der alt dette livet, og er der framleis. Dei gamle gav det sine namn, i dag har det andre namn. Det ætta trong var frigjering frå rædsla for desse løynde maktene som ho ikkje rådde med, men på ein slik måte at ho fekk berga si tru på livet i tilværet.

Men so kom heile den moderne naturvitskapen og avliva den gamle folketrua som narraktig ovtru. I faret til vitskapen voks fram heile den moderne maskin-teknikken og det samfundet han skaper. I larmen frå alle hjula i dette moderne kulturhelvite var det ikkje livekår for denne livstrua. Og so står notidsmennesket midt i si sjællause verd og ser på alt som er daudt emne for økonomisk vinning. Skog og mark, luft og vatn, foss og fjell, alt mæler det berre i pengesetlar. Det får berre verd i same mun som det kann byggja upp det einaste livet som notidsmennesket dyrkar: sitt eige liv. Kvar einskild møter berre fram med sine krav til livet, tyner livet for sjølv å njota det; ætta rømmer fra livstenesta som aldri fyrr. Heile kulturheimen blir til ei einaste stor svirande maskina der menneska sjølve sviv med som bundne hjul. og kvar einaste freistar vera den handa som styrer dei fleste hjul. Det gjeld ikkje for skam å føra snylteliv i livsheimen; hjå den som driv største rovbruket i mannaheimen, haugar pengane seg. Dei er einaste mælestav for rikdom; og beine vegen til livsnjoting. Og ætta kappspring i vitløysa frå all grunnbyggjande livstenesta, mot livsnjoting og livsøyding. Vitskapen og teknikken som skulde frigjera og letta manna-arbeidet, har vorte til den store forbanninga for menneska.

Denne viljen til å tyna livet til bate for sitt eige eg er eit av dei sermerkte drag ved notidskulturen. Alt her vil me nemna at på dette skjeret vil vår kulturkrins gå til grunne so sant ikkje ei sannare livssyn sigrar.

Den høgste lukka er å tena livet, so det blomer fagrare når ein går frå det enn då ein sjølv fekk ansvar for det. Å "liva" det er å sjå den store livssamanhengen i skapningen, tena dette livet med all si evna. Då vert "dauden" berre frigjeringa til å liva heilt.; for då kann ingen lenger skulda ein for personlege motiv. Å "døy" det er å snøyda av livet kring seg til å byggja upp sitt eige eg.

Når ein har døydt soleis i nokre år, samlar denne synd mot livet seg og fører ein gjennom siste daudarporten inn i den store gløymsla.

Dette er psykologi; ikkje tru eller religion. Ærleg, pålitande, kollektiv psykologi, som ein kan byggja eit liv på, i full vissa um at det verdfulle i våronna vår, veks inn i sjælelivet hjå andre, og byggjer dermed den sjælelege verda vidare.

Torstein Høverstad (1880-1959)

Manuskript fra 1920, utgitt i 1941, Norrøn Livskunst

Bondesønn fra Vang i Valdres

Cand. Philol. og overlærer

Utmerket med Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning, historisk-filosofisk klasse

Relaterte innlegg

Se alle
bottom of page