top of page
  • Forfatterens bildeOdelsarven

Himmelguden Tor og bondesamfunnet

Det er ikkje mogelegt å teikna samanhengen i norsk psyke utan å umtala nærare Tor, himmelguden, bondeguden gjennom hundradår.

Federne våre trudde at mark og skog, foss og fjell, alt som var, åtte liv og ånd... Heimen hadde sine ånder - ofte var det åndene til dei federne som var gravlagte. Tinget der dei gav lover hadde si ånd, og slik var det alle stader.

Endåtil kvar månad hadde si ånd; fyrste månaden i året - januar som han no heiter - hadde si ånd: Torri; karane måtte ta imot han med stor fest 12. januar (Hókunátt).

So kom andre månaden med si ånd: Gol eller Gjøa; kvenda måtte ta mot henne med fest, den festen vart seinare kalla kyndelsmess.

Av dei viktugaste åndene vart etter kvart ånda for åker og dyrka mark; dei gav korn og høy åt krytera so ein kunde liva. Like viktug var ånda for regnet; når ho ikkje let det regna over åker og mark, vart det ikkje godt år. Sameleis ånda for sola; gøymde ho seg for mykje vart det heller ikkje godt år.

No såg folk at åkeren, regnet og sola hadde mykje med kvarandre å gjera; altso måtte åndene for åkeren, regnet og sola liksom høyra ihop. Etter kvart voks so ånda for åker, regn og sol ihop til ei større ånd: ein gud, ein mektug solgud, himmelgud; han sende sol og regn; han velsigna åker og mark; han tok seg av heimane, vakte over varmen, og alt godt i heimen.

Klassisk idol av Tor.

Slik ein himmelgud trudde dei på over heile landet. Frå fyrsten er han ånda for tore-veret; mor hans heiter Fjorgyn d.e. "jorda". Åt Tor vært det bygt sørlege "kyrkjor": hov. I Noreg er det no 28 gardsnamn som syner at på den garden har folk dyrka Tor; 15 av dei er på Austlandet, 13 på Vestlandet; og berre eit stadnamn i Trøndelag; men me veit på anna vis at Tor var mykje dyrka der óg.

Himmelguden Tor budde i Åsgard, i lag med hine gudane, og hadde ein heim for seg sjølv der; Trudvang, d.e. "styrkevangen"; huset hans er "Bilskirnir", d.e. "det glitrande huset", det var det største i verda med 540 salar i slottet.

I og med at Tor, d.e. ånda for toreveret, vann fram til himmelgud, solgud, tok han upp i seg ei rekkja andre natur-ånder: Fjorgyn som blir mor hans, Hlodyn, Sif som blir kona hans, Magni, Modi og Trudr som blir borna hans, Tjalfi og Roskva som blir tenarar. Ingen som har vakse upp i lag med toreveret i den norske fjellheimen, vil undra seg over at ånda for toreveret var ein mannleg gud og steig til solgud, himmelgud: i den livsstriden trong folket ein so sterk gud.

I sitt bilæte har bonden skapt han, ut av sin strid med siger over myrkret i seg og natura utanum seg. Modig og stridshuga, open og ærleg, godhjarta og godtrugen, heimkjær og utferdshuga, soleis atterspeglar han bondefolket under den heidne seden. Hovdingen er han som fyre i odlinga av landet, i striden mot troll og fiendar, mot sott og øyding av alle slag: ver og vind råder han, åker og mark, heim og samfund signar han, liv og lukka gjev han; heile livet vigslar han: frå barnsøl og frelsisøl til brudar-øl og erfi-øl; difor er han heimen, ættelivet sin guddom framfor alle; under krossmerket hans, d.e. hamarteiknet, er alt liv og all livsfrukt trygda; under det kviler ein so trygt i grava; og står uppatt til æveleg nytt liv med kvar ny ætt.

Kva under då at bonden byrja å vigsla borna sine til Tor med å gjeva dei namnet hans: "du får ta deg av denne guten, denne gjenta". Og når so borna voks upp, låg det i sjølve navnet ei sterk påminning um å stella seg slik at ein hadde Tor med seg: "du får vera modig og sterk, ærleg og trufast, aldri bryta ditt ord, trugen mot ætt og vener, og mann for å slå ned trolla".

Det blir ingen låk kar han som likjest på Tor. Og av dei norrøne federne var det utruleg mange som greidde seg bra. Alt i alt finn ein meir enn eitt hundrad ulike Tors-namn på menn og kvende i den norrøne bokheimen. I Hauks bok er det nemnt 113 menneske som er uppkalla etter Tor; berre i den eine boka finst det 37 ulike Tors-namn; i Egils saga er det 59 Tors-namn, i Fagerskinna 51, i Islendinga-bok 40 Tors-namn; i den vesle Laksdøla-saga finst 88 menneske med i alt 26 ulike Tors-namn: berre av menn som heiter Torstein er det 55; 39 heiter Torolv, 21 Torkjell, 19 Torleiv, o.s.b. I Njåls saga er det 115 menneske som har Tors-namn. I Landnåmabok er det fortalt um dei norske ættene som tok land på Island; der er nemnt 1100 menneske som er uppkalla etter Tor, med i alt 50 ulike Tors-namn; Odin har ingen, frøy har fire. Rundt i den norrøne verda voks det upp folk, heimar og hov som vart vigde til honom.

Tor var so ærleg og beint fram; lova han noko, heldt han det; vart han harm, so slo han til; alle visste kvar dei hadde Tor; alle bra folk måtte prøva å likjast på honom. Tor vart i sanning "Midgards Veurr", d.e. "han som vaker over mannaheimen". Han er lite heime, i det store Bilskirnir; det er so mykje å gjera nede i fjellheimen, særleg i striden mot jotnane, trolla. Ingen var so godt kjend i fjella som Tor; han har uppdaga både Jotunheimen og Trollheimen, og alle trollebotnar. I sogene um han heiter det fleire gonger at han fór "austetter til Jotunheimen" når han skulde strida mot trolla; det er Snorre som nyttar ordlaget. Uttrykket høver godt på Vestlandet og Island. Men jamvel i Valdris heiter det framleides "aust i Jotunheimen". Tor Hamre var jamt "aust i Jotunheimen", på stølen sin um vinteren; og den dag i dag reiser folk der "austetter Jotunheimen", ikkje "nordetter" som det skulde heita. Namnet "Jotunheimen" um høgfjellet er her like gamalt som Tors-hødn, Tors-stølen, Tors-kjeldone, Tors-åkrane, og alle hine minne frå den tid Tor varde bygda mot jotnar og annan trollskap.

Rundt i landet var det heilage kjeldor, "Tors-kjeldor", som gav helsebot; og førande Tors-ætter åtte "Tors-stein", slik som Tor Hamre, og kunde då koka "løysingsvatn"åt dei som hadde brote ætte-livet med å ta i bruk framande namn. Heile livet i arbeid og fest var gjennomvove av mystikk, og religiøsitet, i dette underlege samspelet der ætt og gudar møttest til trygd for livet under vigsling av solguden, himmelguden.

Mot denne hovdingen - Tor - blir det Kvite Krist og Heilag Olav må føra sin strid. Dei synlege Tors-bilæte kann dei slå ned med ytre makt; og kyrkja kann mana han ned og nord; men i sjælene liver Tor vidare, stig fram ope og fritt under kross-øksa til Heilag Olav; fører som før striden mot trolla i og med St. Olav og Oskeladden; vert støytt ut til tussar og troll og djevlar; eller liver sitt løynde liv under skiftande former for kultus, åtgjerd og trolldom i heilage torsdagskveldar.

Han møtte Veslegut i Tors-hødne som skaut når Tor var harm; i Tors-visa, og "Kappen Illugjen" som ynskte seg "Tor med tungom hamre" til hjelp i striden mot trolla; i Tors-bilæte på Hamre; det som Tors-karane på Hamre bar ned på Lundsåkeren, sette i åkeren med andlitet ut mot isen, skjenkte øl, og bad: "Velsigne deg Tor i Lund, løys isen nordanfrå!" Og i all mors forteljing um torsdagskultus: torsdag må dei ikkje mala på kverna, ikkje spinna, ikkje gjera større arbeid, men sopa av golvet og elles halda huset i orden; torsdagsnatta kjem Tor; den natta drøymer dei sant; og kann sjå inn i framtida.

Og ikkje mindre i alt det underlege som knytta seg til livet: krossar på dører i jola, og på hjarta og lever når ein slakta, og mykje anna som helsa frå Tor. Men framum alt livde han i Tors-namna. Katolske og protestantiske prestar rasa mot dei "heidne" Tors-namna, men fekk dei ikkje burt i dei beste ættene; ansvaret mot ættelivet gjekk over alt anna. Olav kunde gå; og so vart det skifte med Olav og Tor og andre Tors-namn. Men kom Per, Pål, Jon og slike namn inn, so braut ein ættelivet. Mikjel fekk gå for ein yngre son, når presten masa for mykje; Mikael med det logande sverdet, herren over englehæren, var ikkje so ille; men ættegarden måtte han ikkje få; garden måtte fylgja namnet. Mikjel sjøl veit so mykje. Når Tor, eldste broren, døyr, so Mikjel må ta ættegarden, segjer han sjølv til sonen sin: "Kalla upp att far min, ikkje meg: det er Tors-namnet som skal fylgja garden".

Det er ætter med slik arv som i dag sit inne med den høgste åndskulturen i bygdene.

Og det var klang og meining i dei gamle Tors-namna: Torbjørg, d.e. "ho som Tor vaker over"; Torfrid, d.e. "ho som Tor likar"; Torleik, d.e. "han som gjer Tor glad"; Torleiv, "han som Tor har valt ut til himlen"; Tormod, "han som strider i lag med Tor. Torbjørn "den heilage, sterke kongen som strir i lag med Tor". Og soleis hundrad av desse namna.

Men ikkje kunde veslegut vita at i alt dette lyste det fram ein bodskap frå ætta gjennom tusund år og meir; eit bod um sjælsstyrke og samanheng gjennom alle vanmaktstider, eit høgt etisk ideal: Tor, himmelkongen, Midgards Veurr: fødd av det beste i det norrøne bondesamfundet; sjølv ei førande sjæleleg kraft til å uppseda dette bondesamfundet.

Torstein Høverstad (1880-1959)

Manuskript fra 1920, utgitt i 1941, Norrøn Livskunst

Bondesønn fra Vang i Valdres

Cand. Philol. og overlærer

Utmerket med Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning, historisk-filosofisk klasse

Relaterte innlegg

Se alle
bottom of page